Foto: Mona Hjønnevåg

Altertavle på langferd


Altertavla i Solund kyrkje er på langferd i desse dagar.

Årsaka er at den gamle altertavla frå 1860 skal restaurerast.

Øybygg har utforma ein spesiallaga transportkasse for anledninga, og sette også bilen til disposisjon for transporten over fjella.

Altertavla er eit oljemaleri på lerret og er signert Anders Monsen Askevold (1834-1900), Bergen. Motivet er frå Luk. 22,43. Den vart gjeve i si tid som gåve av Paul Rasmussen Laagøen, Niels Rasmussen Steensund og Cristopher Johannesen Laagøen.

Solund barnehage tok utfordringa med å lage eit mellombels måleri, og det vakre måleriet kan du sjå på biletet. 

 

Tilbake