Tilsette fekk kongens medalje for lang og tru teneste


Pensjonistane Gunnfrid Eide og Kari G. Wesenlund Hjønnevåg fekk 27.9.2020 overrekt medalje for lang og tru teneste, etter over 30 år i Solund sokn. Medaljen tildelast av Det Kongelige Selskap for Norges Vel, og er ei påskjønning til arbeidstakarar med minst 30 års tilsetting hjå same arbeidsgjevar.

 

Medaljene vart overrekt av ordførar Gunn Mongstad, og prost Helge Taranrød var og til stades.

Gunnfrid Eide har hatt ei rekkje verv og fleire stillingar i Solund sokn. Ho har jobba som både organist, klokkar og reinhaldar. I tillegg har ho vore både soknerådsleiar i fleire perioder og kasserar i rådet.

Kari G. Wesenlund Hjønnevåg har jobba som både klokkar og forsanger. I tillegg har ho vore soknerådsleiar i fleire perioder.

Begge har satt verdifulle fotspor i Solund sokn, og vi er svært takknemlege for det arbeidet dei har lagt ned i soknet gjennom tida.  

Tilbake