Ledige stillingar

Ledige stillingar


 

Felles for utlyste stillingar

Vi tilbyr:
Arbeidsforholdet og løn vert regulert av Hovudavtale, Hovudtariffavtale og sentrale avtaler inngått på kyrkjeleg sektor (KA), samt lokale reglement vedteke med heimel i tariffavtale. 
Pensjonsordning i KLP
Engasjerte kolleger og frivillige medarbeidarar
Opplæring 
Triveleg arbeidsmiljø
Tilsetting skjer med Solund sokneråd som arbeidsgjevar og kyrkjeverje som næraste overordna
Ein kan vere behjelpeleg med formidling av behov for bustad

For nærare informasjon om innhaldet i stillingane kan ein kontakte:
Sokneprest Bjørn Magne Hansen; soknepresten@solund.kyrkja.no,  57786215   
Kyrkjeverje Mona Hjønnevåg, kyrkjeverja@solund.kyrkja.no. Tlf. 57786209
 

 

Offentleg søkjarliste: Vi gjer merksam på at opplysningar om kven som søkjer kan bli gjort offentlege. Vi ber om at du godkjenner å stå på ei slik liste, i din søknad. Søkjarlista inneheld namn, kjønn, alder og noverande stilling. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å evt. trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Merk tydeleg kva stilling/-ar du søkjer på. 
Originalar vert ikkje tilbakesendt. Søknad med CV og kopiar av vitnemål, attestar og referansar sendast til:

kyrkjeverja@solund.kyrkja.no
Eller:
Solund sokneråd
Kyrkjekontoret
Hardbakke 26
6924 Hardbakke 

 

Vikarar

Vi har av og til bruk for vikarar. Ta kontakt om du ynskjer å vere tilkallingsvikar.

 

Litt om oss

Soknet har fire kyrkjegardar. Her fins tre kyrkjer; Solund, Husøy og Hersvik kyrkje, og eit kyrkjelydshus. Soknet dekkjer heile Solund kommune.

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden, med gode transporttilbod til fastlandet, også til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark fins kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane, klatreanlegg og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, aktive lag, kulturskule, merka turstiar m.v.

I Solund investerast det for framtida. I løpet av dei neste åra byggast det ny ungdomsskule, bru og utbygginga av breiband fortsetjast. På kommunen si side kan ein finne fleire ledige stillingar både i kommunen og den private marknaden.

Klikk her for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt.

Tilbake