Kyrkjetunet


Kyrkjelydshuset Kyrkjetunet vart oppført i 1890 og har nyleg blitt oppgradert utvendig, og det innvendige står no for tur. Huset har til utleige både selskapslokale med fullt utstyrt kjøken, møterom, to kontor og ein 3-roms loftsleiligheit.

 

Om huset

Kyrkjetunet er opprinneleg ein prestebustad frå 1890, med ein liten hage nedanfor. Huset er nyleg oppgradert utvendig og framover står det innvendige for tur. Kyrkjetunet vert nytta til både møter, representasjon, undervisning, selskap og samankomster. Leigeinntektene går til drifta av huset. 

 

Selskaps- og møtelokale

Salen, som rommar ca 65 personar, kan leigast med eller utan tilgang til kjøken. Kjøkenet har 2 kjøleskåp ( eitt med frys), oppvaskmaskin og er fullt utstyrt. Inventaret er bord, stolar, ein barnestol og eit piano, samt ei lita sofagruppe. Vi gjer merksame på at det ikkje er tillete å røykje i eller utanfor huset.

 

3-roms loftsleiligheit

Huset rommar ei treroms loftsleiligheit med trappetilkomst til utleige. Leiligheita har vedfyring i tillegg til elektrisk oppvarming. Romma er ei vinkelstove og open kjøkenløysning. Samt to store soverom, romslege bodar, gang og bad/WC. Leiligheita er delvis møbert, med kvitevarer. 

Dersom leiligheita er ledig for utleige, vil det kome oppslag om det på denne sida.

 

Kontor

Bygget har to romslege kontor til leige i 1. etasje. Eit større sørvendt og eit mindre nord-/vestvendt. Begge er eitt trinn opp frå golvplan.

Dersom kontora er ledig for utleige, vil det kome oppslag om det på denne sida.

 

Bord og stolar

Også bord og stolar kan leigast ut i kortare periodar.

 

Prisliste

Leigeprisane indeksregulerast jamleg av soknerådet. Leigeprisar for sal og kjøken er inkl. reinhald, og prisane finn du i prislista.

 

Kontakt

Ta kontakt med kyrkjeverja dersom du ynskjer å leige. 

Tilbake