Husøy kyrkje


Husøy kyrkje ligg i Straumen, i Ytre Solund.

 

Husøy kyrkje er ei langkyrkje i tre. Den har 174 sitteplassar og vart vigsla den 15. oktober 1896. Den er den nyaste  av soknet sine tre kyrkjer. Arkitekt var Peter Andersen og byggmeister Peter Gabrielsen Spjutø. Kyrkja vart bygd som fylgje av  m.a. at dåverande kapell på Husøy vart for lite, og stod for verhardt til. 

Under den ytre oppgraderinga i 2015 vart platene på austdelen fjerna, og det vakre, originale vindauget henta fram.

Les meir i Allkunne sin omtale.    

Og i Norske kirker.

Kyrkja si historie er og omtala i Fylkesarkivet si skildring om kyrkjestaden Husøy.

 

Utleige

Kyrkja kan leigast ut ved behov. Ta kontakt med kyrkjeverja.

 

Tilbake