Solund kyrkje


Solund kyrkje står i kommunesenteret Hardbakke i Solund kommune

 

Kyrkja

Kyrkja er ei langkyrkje i tre og har 200 sitjeplassar. Den vart vigsla 22. november 1860 av biskop Jens Mathias P. Kaurin. Arkitekt Christian Henrik Grosch laga teikningane. Solund kyrkje er hovudkyrkje i Solund sokn. Historisk var det nettopp plasseringa av kyrkja som førte til at Hardbakke vart sentrum i Solund kommune. (Utdrag frå fylkesarkivet).

Les meir i Fylkesarkivet sin fyldige omtale her

 

Utleige

Kyrkja kan leigast ut ved behov.                   


Jubileumskriftet  "Solund kyrkje" 150 år 

Jubileumsskriftet kom ut hausten 2010 og er gjeve ut av Solund sogelag. Skriftet er på 342 sider, 20 artiklar og eit utal bilete, mange av dei i fargar.

Skriftet fortel ikkje berre om soga til Solund kyrkje, men om kyrkja si soge i heile prestegjeldet. Her er m.a. artiklar om alle prestane som har vore i Solund og om tradisjonar rundt dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Dessutan er det bilete av alle konfirmantkulla konfirmert i Solund kyrkje ein har fått tak i bilete av, det eldste frå 1918.

Skriftet kan kjøpast i Gjenbruket, Hardbakke og daglegvarebutikken på Nåra. Det kan og tingast hjå leiar i sogelaget, e-post roar@roarmoe.com eller hjå soknepresten, e-post soknepresten@solund.kyrkja.no, tlf. 476 69 620. Pris 150,- (sett ned frå kr 300,-).
 

Tilbake