Avfallsortering på gravplassane


Takk for at du hjelper til å halde gravplassane reine og ryddige.

 

Avfallssortering

De hjelp oss å halde gravplassane reine og ryddige, m.a. ved å sortere avfall rett.

Soknet har ein miljøvenleg profil i alle ledd. Vi oppmodar derfor jamleg blomsterleverandører og leverandørar å nytte 100% resirkulerbare materialer, og oppmoar også dykk om det same.

 

Kompostane

Ved Hardbakke og Hersvik skal vi i ei overgangsperiode tømme kompostane, grunna mykje avfall som ikkje skal vere der. Nytt derfor restavfallsboksen til komposten er tom.

Her skal kun 100% kaldkomposterbart avfall. M.a. planteavfall, papir og kransar med pappkjerne og hamptråd. Det betyr at du må sjekke bukettar og kransar før du kastar dei i komposten. Matavfall skal ikkje her.

Er komposten full; bruk restavfallsdunken. 

 

Papir- og plastavfall 

Alt papir, som papirposar, papiremballasje, papp, etc.

Plast skal kun oppi plastsekken som står oppi denne. Dersom det ikkje er ein plastsekk, skal plasten i restavfallet.

 

Restavfall

Har kransen t.d. ståltråd, plastdekor eller oasiskjerne skal den i restavfallet.

Plastpotter med jord, anna plastdekor og blomsterbukettar med plasttråd likeså. 

Plastemballasjen høyrer heime her, dersom det ikkje er plastsekk i papirdunken.

 

El.avfall

Alt el.avfall, som dømesvis solcellelykter, batteridrevne lykter, batteri etc. må du ta hand om sjølv.

Matvarebutikkar m.v. tek imot småelektrisk.


 

 

Tilbake