Hersvik kyrkje


 

Hersvik kyrkje er ei langkyrkje i tre og ligg i Hersvikbygda i Nord-Solund. 

 

Kyrkja, som har 168 sitjeplassar, vart vigsla 10. november 1891 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Ho er bygt etter teikningane som arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga til Fedje kyrkje i Nordhordland. Hersvik kyrkje var fram til 1. januar 2000 soknekyrkje for Hersvik sokn i Solund prestegjeld. Men frå same dato vart dei tre sokna i prestegjeldet slått saman til eitt sokn. (Utdrag frå Fylkesarkivet)

Kyrkja kan du lese meir om i:

www.kirkesøk.no

Og i Fylkesarkivet sin omtale. 

 

Utleige

Kyrkja kan og leigast ut. Ta kontakt med kyrkjeverja.

Tilbake