Søk musikkstipend for barn og unge - Frist 1.3 og 1.9


Er du musikkinteressert?

Då kan du som fyller du 12 år i år og opptil 19 år, eller gruppa di, søke musikkstipend. 

Søknadsfristen er seinast 1. mars og 1. september i år.

Fondet har to utlysningar. Ein på våren og ein på hausten.

 

 

 

Til deg som vil søkje stipend

Har du interesse for musikk, og ynskjer å søkje støtte til utvikling av musikkinteressa for deg sjølv eller gruppa di? Då kan du søke med vedlagt skjema. Husk å søkje innan fristen, for at søknaden din skal verte vurdert.

Både du som bur utanfor kommunen under studietida og er folkeregistrert her, og ungdom busette i Solund, kan søke. Antakeleg er det ikkje nok til at alle som søkjer får stipend kvar gong. Fondet famnar breidt og søknaden din vil verte vurdert av eit styre med to ungdommar og ein representant frå dei som har fondet. Fondet er dessutan heilt livssynsnøytralt.

Her finn du søknadsskjemaet. Send skjemaet til kyrkjeverja@solund.kyrkja.no.

 

Kven handsamer søknaden

Det er styret for fondet som handsamer søknadene som kjem inn. I styret sit tre medlemmar. Ein representant frå soknerådet, og to ungdommar. Samt to vara. Alle er valgt for to år. Kyrkjeverja er sekretær for styret.

Har du interesse for å sitje i styret eller spørsmål, kan du konatkte sekretæren på e-post: kyrkjeverja@solund.kykja.no. Eller ringe 57786209.

 

Til deg som vil bidra til fondet

Det er soknet som saman med fleire i Solund skulemusikk samlar inn hovuddelen av pengar til fondet. M.a. på romjulskonsertane. Det er også bidrege med pengegåver.

Vil du vere med å bidra til fondet, tek vi imot gåver med stor takk. 

Gåver kan sendast til kontonummer 3847 15 50784 eller VIPPS-nr. 534665. Merk betalinga Musikkarbeid blant barn og unge.

 

 

Tilbake