Kyrkjestaden Husøy (historisk)


I 1718 vart øya Husøy ny kyrkjestad for kapellet frå Utvær. Her stod ei lita og kvitmåla kyrkje med eit lågt tårn over vestgavlen. Sjølve skipet var om lag 7,5 m langt og 6,3 m breitt og hadde plass til 120 menneske. Fylkesarkivet sin omtale av kyrkjestaden Husøy kan du lese her.  


Kyrkjestaden sitt 300-årsjubileum vart markert i 2019. Både påtroppa og avtroppa prostar deltok, saman med soknepresten og fleire av innbyggjarane.

Tilbake