Takk for at du hjelper til å halde gravplassane reine og ryddige.
Avfallssortering
De hjelp oss å halde gravplassane reine og ryddige, m.a. ved å sortere avfall rett.
Soknet har ein miljøvenleg profil i alle ledd. Vi oppmodar derfor jamleg blomsterleverandører og leverandørar å nytte 100% resirkulerbare materialer, og oppmoar også dykk om det same.
Kompostane
Ved Hardbakke og Hersvik skal vi i ei overgangsperiode tømme kompostane, grunna mykje avfall som ikkje skal vere der. Nytt derfor restavfallsboksen til komposten er tom.
Her skal kun 100% kaldkomposterbart avfall. M.a. planteavfall, papir og kransar med pappkjerne og hamptråd. Det betyr at du må sjekke bukettar og kransar før du kastar dei i komposten. Matavfall skal ikkje her.
Er komposten full; bruk restavfallsdunken.
Papir- og plastavfall
Alt papir, som papirposar, papiremballasje, papp, etc.
Plast skal kun oppi plastsekken som står oppi denne. Dersom det ikkje er ein plastsekk, skal plasten i restavfallet.
Restavfall
Har kransen t.d. ståltråd, plastdekor eller oasiskjerne skal den i restavfallet.
Plastpotter med jord, anna plastdekor og blomsterbukettar med plasttråd likeså.
Plastemballasjen høyrer heime her, dersom det ikkje er plastsekk i papirdunken.
El.avfall
Alt el.avfall, som dømesvis solcellelykter, batteridrevne lykter, batteri etc. må du ta hand om sjølv.
Matvarebutikkar m.v. tek imot småelektrisk.