Altertavla i Husøy kyrkje har drege på langtur over fjella.
Den gamle altertavla frå tida då det sto ei kyrkje ute på Husøyna vart på sein somaren sendt avgarde for å verte reingjort og undersøkt. Den oppmerksame kyrkjegjengar har kanskje lagt merke til at det har vore to kvite felt på kvar side av hovedmotivet og no har vi fått løyve og tilskot frå riksantikvaren til å undersøka om dette er gjort for å skjula noko eller om det er ein del av det originale uttrykket.
Vi håpar å ha ho attende i tide til å feira 300 årsjubileumet hennar.