Ei uvershelg i 2022 blåste spiret på Hersvik kyrkje ned. Ein solskinnsdag i haust fekk vi det på plass att.
Vi ynskjer å retta ei stor takk til Nedre Jølster Bilelag for arbeidet det nye spiret og til kyrkjelyden for tålemodet mens dei har venta på at verhanen skal komma på plass att.
Det gamle spiret besto av vassrøyr og smijern, og var prega av år høgt oppe i vær og vind. Det nye spiret er laga av syrefast, svartmåla stål. Kula er den same som var der frå før, dei har berre lakka og retta oppatt skadane ho fikk då ho traff tårnveggen. Verhanen likner den førre.