Har du spørsmål rundt gravminner, gravstell og feste m.m. Og lurer du på om ein har rett på grav i kommunen, sjølv om ein er utflytta?
Svar på dette og meir finn du i dei nyaste gravplassvedtektene (forskrift), som tok til å gjelde frå og med 1.11.2019.
Vedtektene er utarbeida og vedtekne av Solund sokneråd, og godkjende av Bjørgvin bispedømeråd. Du kan lese gravplassvedtektene her, eller henvende deg til kyrkjeverja for å få eit hefte med større skrift.
I vedtektene finn du mellom anna nyttig informasjon om graver, gravminner og plantefelt, gravstell og festeavtaler.
Gravplassane i kommunen er livssynsnøytrale og forvaltast av Solund sokneråd, som er gravplassforvaltning.
Kontaktperson er kyrkjeverja.