Er du musikkinteressert?
Då kan du som fyller 12 år i år og opptil 19 år, eller gruppa di, søke musikkstipend.
Fondet har no ein årleg utlysning. Søknadsfristen er seinast 1. april kvart år.
Til deg som vil søkje stipend
Har du interesse for musikk? Og ynskjer å søkje støtte til utvikling av musikkinteressa di? Då kan du eller gruppa di søke med vedlagt skjema.
Husk å søkje innan fristen, for at søknaden din skal verte vurdert.
Både ungdom busett i Solund og dei som bur utanfor kommunen under studietida og er folkeregistrert her, kan søke. Antakeleg er det ikkje nok til at alle som søkjer får stipend kvar gong.
Fondet famnar breidt og søknaden din vil verte vurdert av eit styre med to ungdommar og ein representant frå dei som har fondet. Fondet er dessutan heilt livssynsnøytralt.
Her finn du søknadsskjemaet. Send skjemaet til kyrkjeverja@solund.kyrkja.no.
Kven handsamer søknaden
Det er styret for fondet som handsamer søknadene som kjem inn. I styret sit tre medlemmar. Ein representant frå soknerådet, og to ungdommar. Samt to vara. Alle er valgt for fire år. Kyrkjeverja er sekretær for styret.
Har du interesse for å sitje i styret eller spørsmål, kan du konatkte sekretæren på e-post: kyrkjeverja@solund.kykja.no. Eller ringe 57786209.
Til deg som vil bidra til fondet
Det er soknet som saman med fleire i Solund skulemusikk samlar inn hovuddelen av pengar til fondet. M.a. på romjulskonsertane. Det er også bidrege med pengegåver.
Vil du vere med å bidra til fondet, tek vi imot gåver med stor takk.
Gåver kan sendast til kontonummer 3847 15 50784 eller VIPPS-nr. 534665. Merk betalinga Musikkarbeid blant barn og unge.