Gravminner


 

Oppdrag med gravminne

Dersom du ynskjer nytt gravminne, oppretting, sikring, inskripsjon, fjerning e.l., bestiller du denne tenesta hos eit godkjent gravsteinsfirma. Firmaet pliktar å sende søknad til kyrkjeverja i førekant av arbeidet. Gravminnet er gravansvarleg sin eigedom. Les meir om gravminner i §§ 7 og 8 i gravplassvedtektene.

 

Enklare oppdrag

Det fins i dag tre lokale aktørar som har tillating til å utføre enklare arbeid med gravminner på gravplassane Solund. I alfabetisk rekkefylgje:
•    Bontveit, Einar
•    Færøyvik, Øystein
•    Steinsund, Hallstein 

 

Mellombels oppbevaring

Av og til er det naudsynt med mellombels lagring av gravminne til gjenbruk eller avhending. Ta kontakt med kyrkjeverja for avtale.

Tilbake